NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Senter for natur- og kulturbasert nyskaping

- med spisskompetanse innan berekraftig stad- og næringsutvikling

Den natur- og kulturøkonomiske utviklingsstrategien fokuserer på det spesielle ved det lokale, det særeigne og unike som gjer staden annleis og spanande og som kan skape nye muligheiter i opplevingsøkonomien. Tre spørsmål står sentralt i utviklingsarbeid vi deltar i:

    * Kva er det spesielle ved oss og vår stad?

    * Kva er det vi har som ingen andre har?

    * Kva er det vi kan som ingen andre kan?

Vi registrerer aukande interesse for reisemåls-, stad- og næringsutvikling med økologisk perspektiv, og har ein aukande del av oppdragsmengda knytt til slike prosjekt.

DELTAKANDE FORSKING FOR UTVIKLING. Bruk av lokal natur, kultur og kunnskap i stad- og næringsutvikling er hovudtema ved senteret. Verksemda er i stor grad knytt til utvikling og utprøving av nye modellar og strategiar for å auke verdiskapinga, både sosiokulturelt, økonomisk og økologisk. Dette breie verdiskapingsperspektivet er utvikla ved senteret og står sentralt i 20 pilotprosjekt som søker å fremme verdiskaping med utgangspunkt i natur- og kulturarven.

KLIMA- OG MILJØPLANAR. Vi samarbeider både med sektorar, særleg landbruk, og regionar for å utvikle nye framtidsretta strategiar for å redusere det økologiske fotavtrykket.

FORSKARHJELP TIL OPPLEVINGSNÆRINGANE er eit tilbod til  små og mellomstore verksemder innan næringane kultur, natur, reiseliv og handel/tenesteyting. Vi avdekker behov for forsking og utvikling for å utvikle nye, eller forbetre eksisterande, produkt og tenester, og set verksemdene i kontakt med forskingsmiljø som kan vere med å løyse slike utfordringar.

STADKJENSLE. Senteret har i samarbeid med UMB og Aurland Naturverkstad utvikla stadkjenslemetodikken for å kunne identifisere og løyse ut verdiskapingspotensialet i landskapet. Her tilbyr vi kurs retta mot kommunane i samarbeid med KS.

FØLGEEVALUERINGAR har hovedfokus på prosessen for å nå måla i eit prosjekt. Hovudføremålet å utvikle program eller tiltak, slik at muligheitene for å få gode resultat aukar.

FORSKARROLLA. Når forskarane blir deltakarar i utviklingsprosessar, krev det ein særskilt medviten haldning til forskarrolla og forskingsmetoden. Senteret legg vekt på kompetanse og sterkt medvit rundt desse spørsmåla.

Tema vi jobber med