NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Senter for natur- og kulturbasert nyskaping - Temaside:

Regionalpark som utviklingsstrategi

Regionalparkane er regionane sin eigen utviklingsstrategi, der målet er å få til meir attraktive regionar, basert på berekraftig utvikling, merkevarebygging, mobilisering av innbyggarane og stadbasert læring. Ulike variantar av regionalparkkonsept i ferd med å ta form også i Noreg, etter mønster først og fremst frå land i Mellom-Europa.

Kva er ein regionalpark?

Ordet "regionalpark” skapar ofte sterke assosiasjonar til naturvern, først og fremst til ordet ”nasjonalpark”.  Ein regionalpark skil seg likevel vesentleg frå eit tradisjonelt verneområde. I ein regionalpark er målet både å ta vare på viktige natur- og kulturverdiar, og få til ei utvikling basert på ei fornuftig forvalting av slike verdiar. I tillegg er også mobilisering, forankring, deltaking og læring viktige strategiar i dei fleste parkkonsepta. Eit viktig trekk er at dei oftast er etablert ut frå eit ”bottom up”-initiativ. Det er regionane sjølve som vel å gå saman om etableringa av ein regionalpark. Ein regionalpark er avgrensa til eit landskapsområde, med eller utan formell vernestatus, med særskilte natur- og kulturkvalitetar som skil området frå områda rundt. Parkgrensene følgjer dermed ikkje utan vidare administrative grenser.

Samarbeidet mellom dei ulike aktørane og interessegruppene blir til vanleg regulert gjennom ein eller annan form for forpliktande langsiktig parkavtale (charter). Avtalen legg føringar for det frivillige partnarskapet, regulerer tilhøvet til eksisterande nasjonalt og regionalt lovverk og inneheld reglar for bruk av merkenamn og parklogo. I tillegg til eit regionalparkråd og regionalparkadministrasjon er det vanleg med ulike tematiske arbeidsgrupper for turisme, landbruk, stadutvikling, læring med meir.

Landskapet er den fremste arenaen for møtet mellom lokal kultur og den tilreisande. Slik blir det eit verdiskapande landskap. Noreg har saman med dei andre landa i Europarådet slutta seg til Landskapskonvensjonen. Eitt av konvensjonen sine viktigaste siktemål er å knytte sterkare band mellom menneske og landskap, gjennom å legge til rette for å involvere befolkninga aktivt i planlegging, forvalting og utvikling av landskap. Konvensjonen set alt landskap, slik vi som menneske opplever det,  i fokus, frå det urørte, unike og storslagne til kvardagslandskapet, der vi lever og arbeider. Det omhandlar villmark, kyst og landsbygd så vel som urbane strok og industriområde.

Regionalpark kan vere eit svar på konvensjonen sine utfordringar.

Kompetansenettverket for regionalparkar

Senter for natur- og kulturbasert nyskaping ved Telemarksforsking, Aurland Naturverkstad og Universitetet for Miljø og Biovitskap har etablert Kompetansenettverket for regionalparkar. Vi samarbeider om forsking, utgreiingar, utviklings- og informasjonsverksemd om regionalparkar. Nettverket har følgt dei norske parkinitiativa sidan starten, har fleire studieopphald i parkar i Europa, og har også nært samarbeid med FoU-miljø i Europa.

Kontakt: Solveig Svardal, e-post, mobil 90 18 05 94

Norske regionalparkar

 

Les meir på heimesidene til

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Valdres natur- og kulturpark

Landskapsparkar i Hordaland

Telemarkskanalen som regionalpark

Prosjektet Telemarkskanalen som regionalpark har som føremål å prøve ut korleis intensjonane i Den europeiske landskapskonvensjonen kan brukast i eit samla konsept for regional utvikling i Telemark, avgrensa til Telemarkskanalen og landskapa omkring. Prosjektet skal bidra til å sikre og utvikle natur- og kulturverdiar langs kanalen, stimulere til lokal næringsutvikling og styrke lokal identitet. Senter for natur- og kulturbasert nyskaping ved Telemarkforsking, med Solveig Svardal som prosjektleiar, har hatt i oppdrag å gi styringsgruppa faglege utgreiingar og innspel som grunnlag for styringsgruppa sine vurderingar og tilrådingar, samt medverke til å utarbeide forprosjektrapporten i dialog med styringsgruppa.

Erfaringane frå prosjektet er formidla i foredrag på den nasjonalekonferansen om regionalparkar.

Foredraget kan lastast ned her.

Nasjonal konferanse 2009

Den første nasjonale konferansen for regionale og lokale landskapsparkar i Noreg vart arrangert på Stalheim i mai 2009. Innleiarar frå forsking, både nasjonalt og internasjonalt, forvalting og praksis kasta lys på erfaringar og utfordringar med ulike parkkonsept. Dette notatet samlar føredrag og program.

Foredraga kan lastast ned her.

Les meir

 

Regionalparker i Europa. Integreringsaktør for en bred verdiskaping?

Regionalpark som utviklingsstrategi. En introduksjon.

Nettverket: Natur- og kulturparker i Norge. En fagtur til England 25.-28.11.07

Nye forvaltningsmodeller for verdifulle landskap. Oppsummering og drøftingsnotat på bakgrunn av studietur til Frankrike 21.-25. september 2004.

Kva er Telemark?

Kva er Ryfylke?

Kva er Setesdal?

Telemark som merkevare. Merkevarebygging med grunnlag i regionale og lokale ressursar.

Kontakt oss

Vi tilbyr forsking, utgreiingar, utviklings- og informasjonsverksemd om regionalparkar.

Kontakt Solveig Svardal.

Les bloggen Parknytt her