Forfatter:
Torjus Bolkesjø og Kjetil Lie
Rapport:
230
Utgiver: Telemarksforsking
Utgitt:
2006
Oppdragsgiver:
Bokn og Tysvær kommuner
Fagområde:
Kommunalforsking
Prosjektnr.:
20050800
Prosjektleder:
Kjetil Lie
Pris, kr:
280 - Bestill trykt rapport
ISBN/ISSN:
82-7401-252-6/1501-9918
Ein eventuelt samanslått kommune vil få godt og vel 10 000 innbyggarar, medan folketalet på Bokn vil utgjere under 8 % av folketalet i ”Nye Tysvær” ut frå innbyggartala i dag. Søndre del av Tysvær med Kårstøanlegget og det store interkommunale næringsområdet for gassbasert og annan industri i Gismarvik, er truleg eit område med stort potensial for vidare utvikling. Dette saman med dei nye vegsambanda til Karmøy (T-sambandet) og lengre fram i tid Rogfast til Stavanger, vil truleg gjere dette området meir attraktivt både for næringsutvikling og busetting enn det er i dag. Dette sett i forhold til spørsmålet om kommunesamanslåing, gjer at det er argument både for og mot.
Vi har gjort berekningar, basert på nogjeldande inntektssystem, som viser at ein eventuell samanslått kommune vil få 16 mill. kroner meir i rammetilskot over den fyrste 10-års perioden etter samanslåinga. Over dei påfylgjande fem åra, dvs. for perioden 2018-2022 dersom samanslåinga skjer 1.1.2008, vil rammetilskotet bli redusert med 2,4 mill. kr per år. For dei fleste tenesteområda er det ikkje grunn til å forvente vesentlege økonomiske konsekvensar av ei samanslåing. Tenestene skal framleis utøvast, og eventuelle innsparingar vil ligge i rasjonalisering og sentralisering av drifta. Den vedtekne avtalen som ligg som føresetnad for prosessen, inneber at dette i liten grad er aktuelt. Det er ikkje vesentlege rekrutteringsvanskar innan noko tenesteområde korkje i Tysvær eller Bokn kommune i dag.