NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

NYHETSARKIV

Arkiv

Kartlegging av kommunane si sjølvkost-prising

Kartlegging av kommunane si sjølvkost-prising

På oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet har me gått gjennom mange forvaltningsrevisjonsrapportar for å kartleggja feil og manglar på utvalde sjølvkostområde i kommunane.

3.4.2012

Me har identifisert ein del viktige problemområde. Dokumentasjonen av sjølvkost er av varierande kvalitet, og det er slett ikkje alltid mogleg å seia om kommunane reknar rett eller ikkje.

Kommunane si prisutrekning har blitt meir i tråd med retningslinene over tid, men alt i alt er det framleis mykje som vert gjort feil. Dei mest alvorlege feila finn me nok rundt bruk av sjølvkostfond. På VAR-området fører dette med seg at innbyggjarane i mange tilfelle betalar meir enn sjølvkost.

Rapporten finn du her.

Vår prosjektleiar har vore Ailin Aastvedt.