NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

NYHETSARKIV

Arkiv

Seljord får hjelp til å utvikle si besøksnæring

Seljord får hjelp til å utvikle si besøksnæring

Seljord kommune har fått eit krystallklart ja, på sin søknad til Innovasjon Norge i Telemark om tilskot til å utvikle si besøksnæring. Det er Lars U. Kobro og Knut Vareide frå Telemarksforsking som både har assistert kommunen med å utvikle prosjektet, og som nå skal spele saman med aktørane i kommunen for å gjere prosjektet best mogeleg.

10.4.2012

- Vi ynskjer med forstudien å sjå om næringsaktørane i Seljord kan profesjonalisere si samhandling og auke si evne til å skape auka verdiskaping og bedriftsøkonomisk lønsemd, forklarar næringssjefen i Seljord, Harriet Slåen. Og ho held fram; - Eit hovudspørsmål som vi stiller oss, er om besøksnæringane kan ta i bruk allereie etablerte natur- og kulturopplevingar i kommunen for å skape auka sysselsetting, tilleggsnæringar eller fremje knoppskyting i eksisterande næringar. Bildet syner ”Sjøorm-utkikkstårnet” i Seljord.


Seljord har eit stort potensiale til å vidareutvikle aktivitetsbasera natur- og kulturopplevingar i kombinasjon med lokal mat, kultur og tradisjonar og ikkje minst festivalar.  Å arbeide med verdiskaping knytt til dette, passar inn i både nasjonal og regional politikk om å utvikle bærekraftig reiseliv bygd opp av verdifulle opplevingar.
I prosjektet skal vi både analysere kommunens status med omsyn til kor kommunen står i dag, og vi skal lytte aktivt til både kultur- og næringsaktørar i kommunen i arbeidet med å skapa nye, lønsame heilårsnæringar på staden, fortel Lars Kobro. Fleire heilårsarbeidsplassar i Seljord vil bidra til auka kvalitet og meir stabil busettjing og arbeidskraft i distriktet, noko Seljord har arbeidd med i lang tid. No ynskjer dei å systematisere og profesjonalisere dette arbeidet.


Det er Innovasjon Noreg sitt utviklingsprogram for Grønt reiseliv som er nytta i denne samanhengen. Grønt reiseliv dreier seg nettopp om at bruken av natur- og kulturressursar skal skje på ein bærekraftig måte og at slike ressursar skal nyttas på ein økonomisk klok måte, kombinert med kunnskap om marknaden.
Seljord kommune har gjennom mange år hatt stor nytte av Telemarksforsking  sin forsking og analyser. - Dei viser at  Seljord er ein besøkskommune, attraktiv for handel og aktivitetar. Men Seljord har ikkje har fått godt betalt for sin attraktivitet, forklarar Knut Vareide. Siden Seljord er ein distriktskommune, må Seljord sannsynligvis vere ekstra attraktiv for å få til vekst. - Dette kunnskapsgrunnlaget er vi kjend med, og det vil bli nytta i prosjektet, understrekar næringssjefen.

Eit metodegrep vi ofte nyttar i slike prosjekter er å lytte ”nedover”, seier Lars Kobro som vil vere prosjektleiar frå Telemarksforsking si side. Stader har både formelle og uformelle leiarskap. Den kommunale leiinga, politisk og administrativt, utgjer ofte staden sin ”vedtekne” leiarskap, men det finst og eit uformelt leiarskap av opinionsleiarar og personar med leiarstillingar i næringslivet, i kulturlivet og det sivile samfunn elles. Dette gjeld i høg grad også Seljord. Å mobilisere desse, utan at dei føler at prosjektet trekkast ned over hovudet på dei, ovanfrå og ned, er noko av dette utviklingsprosjektet si målsetting, avsluttar Kobro.