NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Telemarksforsker reoppnevnt i Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi

Telemarksforsker reoppnevnt i Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi

Lars Håkonsen, forsker ved Telemarksforsking og førsteamanuensis ved Høgskolen i Telemark,er på nytt oppnevnt som medlem i TBU for kommunal og fylkeskommunal økonomi. Stas for Lars, og også for det aktive kommunaløkonomiske miljøet ved Telemarksforsking som han er en del av.

17.4.2012

Fra nyhetsteksten i Kommunalnytt nr. 4/2012 (KRD) siterer vi:

"Det tekniske berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi er eit partssamansett utval for rapportering, statistisk utarbeiding og fagleg vurdering av data som omhandlar økonomien i kommunane og fylkeskommunane.

Utvalet gir årleg ut to rapportar, ein på hausten og ein på våren.
I rapportane vert utviklinga i utvalte finansielle indikatorar gjennomgått; aktivitetsendring, inntektsutvikling, driftsresultat, kommunal deflator, netto gjeld og nettofinansinvesteringar mm. Utviklinga i tenesteyting vert rapportert ved dekningsgrader og årsverksinnsats.

I tillegg leverer utvalet årleg tre notat til drøfting i konsultasjonsordninga (Konsultasjonsordninga er regjeringa si hovudarena for formell dialog med kommunesektoren representert ved KS):

- om den økonomiske situasjonen i kommunesektoren
- om demografikostnadene komande år
- om utvikling i tenesteytinga

Utvalet arrangerer også kvar haust eit ope seminar der aktuelle tema som rørar kommunesektoren vert tatt opp. Seminaret er gratis.

Utvalet består av 13 medlemmer og 9 utvalssekretærar.

For perioden 2012 til 2014 vil utvalet ha følgjande samansetning:

- Leiar: Lars Erik Borge, professor (NTNU)
- Per Richard Johansen, sjeføkonom (KS)
- Lise Solgård, økonomidirektør, Vest-Agder fylkeskommune (KS)
- Thor Fjellanger, økonomisjef, Sandefjord kommune (KS)
- Pål Hernæs, assisterende kommunaldirektør, Oslo kommune, (KS)
- Helga Aasdalen, seniorrådgiver (FIN)
- Liv Klyve, seniorrådgiver (HOD)
- Grete Lilleschulstad, underdirektør (KRD)
- Ellen Cathrine Arnesen, avdelingsdirektør (KD)
- Irene Arnesen, seksjonssjef (SSB)
- Jon Fiva, førsteamanuensis, (Høyskolen BI)
- Lars Håkonsen, førsteamanuensis (Telemarkforskning/Høgskulen i Telemark)
- Bjarne Jensen, professor ved høgskolen i Hedmark, (Fagforbundet)"