Undersøkelse av frivilligheten i Møre og Romsdal

Telemarksforsking skal gjennomføre ei undersøking av frivilligheita i Møre og Romsdal på oppdrag frå Møre og Romdal fylkeskommune. Undersøkinga skal gi kunnskap som kjem til nytte for fylkeskommunen og kommunane i fylket, og gi eit grunnlag for politiske prioriteringar og tiltak og kommunale planar. Studien vil mellom anna inkludere ei spørjeundersøking blant dei frivillige organisasjonane i fylket og intervju med tilsette i kommunane.

Undersøkinga skal gi ei oversikt over kva type frivillige organisasjonar som finst i fylket, kva for aktivitetar dei gjer og kva dei bidreg med i lokalsamfunnet. Undersøkinga vil òg innehalde ei analyse av frivilligheita si samfunnsnytte og samspelet mellom offentleg og frivillig sektor, og diskutere korleis kommunanes frivilligheitspolitikk kan innrettast for å fremje innovasjon og utvikling som gir positive samfunnseffektar for tenester, lokalsamfunnsutvikling, demokrati og deltaking.

Resultatet skal oppsummerast i ein felles rapport for heile fylket samt for kvar kommune. Resultata skal mellom anna kunne gi kommunane i fylket eit kunnskapsgrunnlag for korleis dei kan samarbeide betre med frivilligheita i kommunen sin, men også gi fylkeskommunen innsikt i kva dei kan bidra med på eit regionalt nivå.